Juleshow 2026

Sogndal Turnforening inviterer til årets juleshow søndag 6. desember på Vesterland!

Gymnastane våre har øvd og førebudd seg, og vi gler oss til å vise fram noko av alt det flotte dei har jobba med gjennom hausten.

Vi treng premiar til lotteriet!

I samband med juleshowet ønskjer vi oss premiar til lotteriet vårt. Har du eller bedrifta di noko de kunne tenkje dykk å bidra med? Då set vi stor pris på om de sende ein melding til Kari Beate Hov - 913 96 275! Alle bidrag, store som små, blir tekne imot med stor takk.

Alle inntektene frå juleshowet går til å vidareutvikle Sogndal Turnforening og utbygginga av turnhallen vår på Vesterland. Ved å delta på juleshowet er de med på å leggje til rette for eit endå betre turntilbod for barn og unge i Sogndal!

Ta med familie og vener, og bli med på ei flott førjulsoppleving saman med oss!

Vi gler oss til å sjå dykk på Vesterland 6. desember!

Neste
Neste

Innkalling til ekstraordinært årsmøte