Prisar
Medlemsavgift
Medlemsavgifta er kr 300,- per år og gjeld frå januar til desember. Avgifta blir sendt ut i Spond i januar.
Alle som trenar i Sogndal Turnforening må ha gyldig medlemskap. Dette er mellom anna viktig fordi både klubben og utøvaren skal vere forsikra dersom det skulle skje eit uhell på trening.
Transaksjonsgebyr på 2,99 % + 2 kr kjem i tillegg.
Treningsavgift
Treningsavgifta gjeld for ein heil sesong, frå september til mai.
Avgifta blir delt i to betalingar og sendt ut i Spond i september og januar.
Treningsavgift for heil sesong
Barnehagegruppe: 1000 kr
1.–2. klasse: 1200 kr
3.–4. klasse: 1500 kr
5.–7. klasse og 8. klasse+: 1700 kr
For utøvarar som ønskjer å vere med på fleire parti, kjem det eit tillegg på 500 kr per ekstra parti.
Gym X
Drop-in vaksen: 100 kr
Drop-in student: 50 kr
Heil sesong vaksen: 1600 kr
Heil sesong student: 1000 kr
Fritidskasse
Dersom du treng økonomisk støtte for at barnet ditt skal kunne delta på aktivitetar i Sogndal Turnforeining, kan du søkje om støtte gjennom Fritidskassa i Sogndal kommune.
Dersom du ønskjer hjelp med søknaden, kan vi i STF søkje på vegner av deg. Ta kontakt med medlemsansvarleg på e-post: medlemsansvarleg@sogndalturn.no.
Meir informasjon om ordninga og søkeportal finn du på nettsida til Sogndal kommune