Breddeturn

For dei som ønskjer å turne ein gong i veka

Kva er breddeturn

Breddeturn er eit tilbod for barn og unge som har lyst til å vere i aktivitet, lære turn og ha det gøy – utan krav til konkurranse eller tidlegare erfaring. Hos oss er alle velkomne, uansett nivå og ambisjonar.

I breddeturn legg vi vekt på rørsleglede, meistring og fellesskap. Treningane er varierte og inneheld øvingar innan grunnleggande turn, styrke, balanse, koordinasjon og leik. Utøvarane får utfordringar tilpassa sitt nivå, slik at alle kan oppleve progresjon og tryggleik i aktivitetane.

Påmelding opnar i løpet av 2026.!

Våre parti innan breddeturn

Basisturn (1. - 4. klasse)

Eit allsidig og leikprega tilbod for barn i 1.–4. klasse. Her jobbar vi med grunnleggande rørsler som løping, hopping, rulling, balanse og enkel styrke gjennom leik, hinderløype og enkle turnøvingar.

Målet med basisturn er å utvikle motoriske ferdigheiter, skape tryggleik i rørsle og gi barna gode opplevingar med fysisk aktivitet. Det blir ikkje stilt krav til forkunnskapar.

Turnskolen (5. klasse +)

Turnskulen er eit tilbod for elevar i 5.–7. klasse som ønskjer å lære meir turn og utvikle ferdigheitene sine vidare. Treningane inneheld grunnleggande turnøvingar, styrke, bevegelegheit og koordinasjon, med progresjon tilpassa nivå og erfaring.

Her blir det lagt vekt på meistring, teknikk og turnglede i eit trygt og inkluderande miljø. Turnskulen kan vere eit naturleg steg vidare frå basisturn, eller eit tilbod for nye utøvarar som ønskjer å prøve turn.

Gutteturn

  • GuttaKrutt (3. - 4. klasse)

  • GuttaBoyz (5. - 7. klasse)

Gutteturn er eit eige tilbod kun for gutar, med litt friare rammer enn tradisjonell turn. Her får deltakarane moglegheit til å utfolde seg gjennom turn, triksing og parkour, med fokus på rørsleglede, kreativitet og meistring.

Treningane blir tilpassa nivå og legg vekt på styrke, spenst, koordinasjon og utfordrande øvingar i trygge omgjevnader. Gutteturn passar både for gutar med turnerfaring og for dei som ønskjer ein alternativ og aktiv treningsform.

Oppvisningsturn

  • Oppvisningsturn Knøtter (1. - 2. klasse)

  • Oppvisningsturn Mini (3. - 4. klasse)

  • Oppvisningsturn Show (5. - 7. klasse)

  • Oppvisningsturn Ungdomstroppen (7. klasse +)
    7. klassingar kan velje mellom Show og Ungdomstroppen

Oppvisningsturn er eit kreativt og variert tilbod som kombinerer element frå turn, dans, acroyoga og cheerleading. Her jobbar vi med koreografi, samarbeid, rytme og uttrykk, i tillegg til styrke, balanse og kroppskontroll.

Målet med oppvisningsturn er å skape rørsleglede, meistring og samhald, samt å gi utøvarane moglegheit til å delta på oppvisningar og arrangement. Treningane blir tilpassa alder og nivå, og passar både for nybyrjarar og for dei med erfaring.

Gym X (16. år +)

Gym X er eit tilbod for ungdom og vaksne som ønskjer å prøve noko nytt – eller ta opp att gamle kunstar. Treningane er varierte og kan innehalde element frå turn, styrke, bevegelegheit og kroppsbehersking, tilpassa nivå og erfaring. Gym X passar både for nybyrjarar og for dei med tidlegare erfaring.

Det er mogleg å melde seg inn fast i gruppa, eller delta på drop-in-timar som blir annonsert via Facebook-sida: Voksenturn – Sogndal Turn