Teamgym

For dei som ønskjer å utvikle seg vidare og vere med å konkurrere

Kva er Teamgym

Teamgym er eit tilbod for barn og unge som ønskjer å utvikle turnferdigheiter vidare og trene meir strukturert, samstundes som det blir lagt stor vekt på fellesskap, tryggleik og turnglede. Teamgym kombinerer teknikk, samarbeid og lagkjensle, og gir utøvarane moglegheit til å delta i konkurransar og treningssamlingar som skaper minner for livet.

Våre parti innan teamgym

Trampett og Tumbling (TT)

I trampett utfører gymnastane tre omgangar til musikk. Trampett er ein skråstilt «mini-trampoline» med sprett, der gymnastane ved hjelp av tilløp og sats utfører akrobatiske element i lufta før dei landar på landingsfeltet.

I tumbling utfører gymnastane tre omgangar til musikk. Tumbling er ein 15 meter lang oppbygd bane med sprett, der gymnastane ved bruk av tilløp utfører akrobatiske element og landar på landingsfeltet i enden av bana.

Frittstående (F)

I frittståande samarbeider utøvarane på troppen om å vise ein koreografi der dans og rytme blir kombinert med gymnastiske og akrobatiske element i formasjonar til musikk. I konkurransar blir troppen vurdert etter synkronitet, vanskegrad og stil. Frittståande-programmet blir utført på eit teppe som er 14 x 16 meter og 3,5 cm tjukt.

Aspirant 8 - 10. år

For alle mellom 8 og 10 år. Her er det inga krav for å kome inn, og ein får meir treningstid enn på breddeturnparti.

Rekrutt 11 - 13. år

Frå gymnastane er 11 år er dei gamle nok til å konkurrere, og det blir derfor stilt krav til gymnasten for å vere med.

Junior 14 - 17. år

Senior 18+ år

Uttak til teamgym

For å kome med på teamgym må gymnastane gjennom eit uttak. Vi arrangerer uttak til teamgym to gonger i året. Uttaket går føre seg som ei vanleg trening, der gymnastane får vise fram kva dei allereie kan. Kor mange som får plass, er avhengig av kapasitet og dei ressursane vi har tilgjengelege.

Generelle krav

  • Oppførsel på trening

  • Korleis gymnasten tek imot og nyttar tilbakemeldingar

  • Gymnasten sine haldningar

  • Korleis gymnasten inkluderer og samarbeider med andre gymnaster

  • God forståing for akrobatiske element

  • Oppmøte på treningar

  • Inga krav

  • Gymnasten må vise forståing for teknikk innan:

    Trampett:

    • Overslag

    • Kroppert, pikert og strak salto

    Tumbling:

    • Arabar

    • Arabar flikk/back

    • Stift/salto

    Frittståande:

    • Rytme

    • Dynamikk

    • Utstrekk

    • Handståande

  • Gymnasten må vise god forståing for teknikk innan:

    Trampett:

    • Overslag

    • Kroppert, pikert og strak salto

    • Strak salto med halvskru

    Tumbling:

    • Arabar flikk/back

    • Stift hjul

    • Stift salto/salto stift

    Frittståande:

    • Rytme

    • Dynamikk

    • Utstrekk

    • Handståande

  • Gymnasten må vise svært god forståing for teknikk innan:

    Trampett:

    • Overslag

    • Strak salto med halvskru

    • Strak salto med 540

    Tumbling:

    • Arabar flikk back

    • Stift salto/salto stift

    Frittståande:

    • Rytme

    • Dynamikk

    • Utstrekk

    • Handståande

Retningslinjer

For å vere med på Teamgym må gymnastane følgje retningslinjene våre. Det blir forventa god oppførsel, respekt for trenarar og medgymnastar, og at ein bidreg til eit positivt og inkluderande treningsmiljø. Teamgym krev motivasjon, innsats og vilje til å utvikle seg både individuelt og som del av eit lag.