VEGEN TIL TURNHALL

Følg vegen vår mot realisering av turnhall på Vesterland!

Sogndal Turnforening jobbar målretta for å realisere ein eigen turnhall med fastmontert utstyr. Dette er eit viktig og naudsynt løft for turnmiljøet i Sogn – både for dagens gymnaster og for framtidige generasjonar.

Kvifor turnhall på Vesterland

I dag føregår turntreninga i lokale som ikkje er tilpassa turn, og regionen manglar eigen turnhall. Næraste turnhall ligg over to timar unna. Dette avgrensar treningstilbodet, tryggleiken og moglegheitene for utvikling, og gjer det vanskeleg å gi plass til alle som ønskjer å delta.

Ein eigen turnhall vil gi tryggare trening med fastmontert utstyr, betre kvalitet og kontinuitet i treninga, auka kapasitet og betre moglegheiter for både breidde og vidare satsing. Turnhallen vil òg bli ein viktig samlingsplass for aktivitet i lokalmiljøet.

Målet er å etablere ein fullskala turnhall på Vesterland i Kaupanger innan 2027. Hallen skal gi rom for meistring og idrettsglede, kunne romme tre grupper samstundes (om lag 100 aktive), oppfylle nasjonale krav til turnanlegg, vere ein møteplass for lokalsamfunnet og kunne brukast både av andre idrettar og til uorganisert aktivitet. Han vil bidra til betre folkehelse og eit sterkare breiddeidrettstilbod.

Stemmene som betyr mest

Barna i Sogn har lenge ønskt seg ein arena der dei kan få utfolde seg, utfordre seg sjølve og oppleve meistring.

I denne videoen deler turnbarna kva dei drøymer om i ein turnhall.

Vi avhengige av støtte og bidrag frå engasjerte støttespelarar – og alle bidrag, store som små, betyr mykje. Ønskjer du å vere med på å realisere draumen til så mange barn og unge i Sogn, ber vi deg fylle ut skjemaet under. Då tek vi kontakt med deg.

Vil du bidra?

For å realisere draumen vår er vi avhengige av samarbeid mellom klubb, kommune, næringsliv og lokalsamfunn. Vi er takksame for all støtte – anten det er gjennom gåvebidrag, sponsing, dugnad eller engasjement.

Ønskjer du å bidra eller vite meir om prosjektet?

Ta gjerne kontakt med oss

Prosessen hittill