Påmelding

For å bli godkjend som medlem må ein betale medlemskontingenten. Denne blir sendt på e-post.

Påmelding for eksisterande medlemmar

Påmeldinga opnar for eksisterande medlemmar som ønskjer å halde fram på same type parti komande sesong 27. mai kl. 18.00

Dersom ein ønskjer å byte parti, må ein vente med påmelding til det opnar for dei på venteliste

Påmelding for dei på venteliste

Påmeldinga opnar for dei som har stått på venteliste, samt eksisterande medlemmar som ønskjer å byte parti 8. juni kl. 18.00

Alle som står på venteliste må melde seg på før påmeldinga opnar for nye medlemmer for å få førerett til plassane.

Påmelding for nye medlemmar

Påmeldinga opnar for alle nye medlemmar 17. juni kl. 18.00

Prøveperiode

Vi tilbyr 3 vekers prøveperiode for nye utøvarar. Dersom barnet held fram etter prøveperioden, blir treningsavgifta fakturert halvårleg.

Dersom ein ikkje ønskjer å halde fram etter prøveperioden, må ein melde frå før prøveperioden er over til:

medlemsansvarleg@sogndalturn.no

Medlemskontigenten blir ikkje refundert

Uttak til Teamgym

For dei som ønskjer å vere med på konkurranseparti, må ein gjennom eit uttak. Dette vil skje to gonger i året. Dette gjelder for aspirant, rekrutt, junior og senior.
Både for trampett og tumbling, og for frittstående