Samtykke ved bruk av bilete
For at Sogndal Turn skal kunne ta bilete eller video av gymnastane, må vi forhalde oss til personopplysningslova. Det betyr at vi skal kunne vise til at det er gitt eit gyldig samtykke. Samtykket skal vere frivillig, tydeleg og informert. Hovudregelen er at det skal hentast inn samtykke frå alle som blir fotograferte, filma eller som det blir gjort lydopptak av. Samtykket skal kunne dokumenterast.
Dette ønskjer vi å gjere gjennom påmeldingsskjema på club.spond.com. Ved påmelding vel du om du vil gi samtykke eller ikkje.
Vi ber dykk ta stilling til følgjande før de eventuelt trykkjer ja til samtykke:
Eg samtykkjer til at det blir teke film/bilete av meg / mitt barn
Eg samtykkjer til at bilete/video av meg / mitt barn blir publiserte på passordverna nettsider, lukka grupper eller profilar i sosiale medium
Eg samtykkjer til at bilete/video av meg / mitt barn blir brukte på NGTF og NAIF sine nettsider og i sosiale medium
Eg samtykkjer til at eg / mitt barn kan bli strøyma under konkurranse eller oppvising
Dersom de kan svare ja på desse spørsmåla, kan de krysse av for samtykke i Spond.
Ved portrett vert det alltid bedt om eit ekstra samtykke.
Bilete og film som ikkje krev samtykke
Det finst nokre unntak frå kravet om skriftleg samtykke. Desse kan takast og offentleggjerast utan samtykke frå dei avbilda, så lenge bileta ikkje er krenkjande for dei som er med på dei. Dette gjeld bilete som:
har aktuell og allmenn interesse
der situasjonen eller aktiviteten er det eigentlege motivet i biletet
der det er mindre viktig kven som er med på biletet enn hovudinnhaldet
Døme på dette kan vere ei gruppe menneske på ein konsert, eit arrangement som juleshow eller sommershow, ein konkurranse eller hendingar som har allmenn interesse. Personar som er ein del av arrangementet kan bli fotograferte og filma utan skriftleg samtykke.
Dette er svært viktig å vere merksam på dersom barn og ungdom deltek i grupper som konkurrerer eller opptrer på show og ulike tilstellingar.
Grensegangen mellom kva som er eit situasjonsbilete og kva som er eit portrett, vil ofte vere eit definisjonsspørsmål. Vi hentar derfor alltid inn samtykke ved innmelding.
Ønske om skjerming
Nokre personar må eller ønskjer av ulike grunnar å skjerme seg frå å bli fotograferte under arrangement som fell inn under unntaksreglane.
Når det gjeld bilete og film frå arrangement som går inn under unntaka for skriftleg samtykke, vil foreininga så langt det er mogleg imøtekome dette ved å informere om at det blir teke bilete og film under arrangementet. Personar som ikkje ønskjer å vere med på bilete, blir bedne om å gjere fotografen tydeleg merksam på dette.