Ønskjer du å støtte oss?
Sogndal Turnforening jobbar for å realisere ein ny turnhall på Vesterland – eit framtidsretta anlegg for barn, unge og vaksne, med fokus på idrettsglede, meistring og fellesskap. For å få dette til er vi avhengige av støtte frå næringsliv, organisasjonar og privatpersonar. Alle bidrag, uansett storleik, er verdifulle for prosjektet. Det finst fleire måtar å bidra på, anten gjennom ulike sponsoravtalar, gåvebidrag eller du kan bli grasrotgivar. Har du andre måtar du ønskjer å støtte oss på, ta gjerne kontakt med oss på e-post.
Betalinga vil ikkje skje før prosjektet har fått klarsignal til byggestart. Ein vil òg få beskjed i god tid før innbetaling.
Sponsorprosessen
-

Ta kontakt, så tar vi ein uforpliktande samtale om samarbeid og moglegheiter.
-

Vi blir einige om type avtale, nivå og profilering. Avtalen blir inngått skriftleg.
-

Sponsor betaler først når prosjektet startar. Alle sponsorar får beskjed i god tid før fakturering.
-

Profilering blir gjennomført i tråd med avtalen når turnhallen blir realisert.
-

Sogndal Turn følgjer opp sponsorar gjennom heile prosjektet.
Gavebidragsprosessen
-

Givar signerer gåvebrev som stadfesting på gåvebidraget.
-

Gåvebidraget blir betalt først når prosjektet startar. Givar får beskjed på førehand.
-

Alle som gir gåvebidrag, får namnet sitt synleg på ei eiga gåvebidragstavle i turnhallen.
-
-
Støttemedlem
Ønskjer du å bli støttemedlem i Sogndal Turnforening?
Då er du med på å sikre eit godt treningstilbod, bli ein del av fellesskapet og bidra til å realisere ein turnhall!
Pris: 200 kr per sesong
Støttemedlemskap inneber:
Du støttar Sogndal Turnforening sitt arbeid og utvikling
Bidraget går til drift og arbeidet med turnhall
Ingen treningsrett eller dugnadsplikt
Medlemskapet gjeld per kalenderår.
Medlemskapet er frivillig og utan binding