Til alle nye medlemer
Hei alle som har meldt på barnet sitt i Sogndal Turnforeining 🤩
Alle som har meldt seg på til komande sesong skal no ha fått anten:
• godkjenning frå noreply@spond.com og tilgang til den nye gruppa i Spond
eller
• e-post frå medlemsansvarleg@sogndalturn.no med informasjon om at barnet står på venteliste.
Dei som har fått plass, skal også ha motteke e-post med informasjon om medlemskap i Sogndal Turnforeining.
Vi minner om at medlemskontingenten må vere betalt før første trening i september. Dette er nødvendig for at gymnasten skal vere forsikra gjennom Noregs idrettsforbund (NIF). Medlemskontingenten er sendt ut i Spond.
Ta gjerne kontakt dersom de har spørsmål. Vi gler oss til ein ny og aktiv turnsesong!