Alle barn og unge skal få moglegheit til å delta!
Aktivitetsguidane i Sogndal kommune, arbeider for å fremje deltaking i idrett for alle barn og unge som ønskjer å vere med – uavhengig av økonomi og andre barrierar.
Aktivitetsguidane ønskjer no å fylle opp utstyrslagera sine, slik at dei kan dele ut klede og utstyr til barn og unge som ønskjer å kome i gang med ein aktivitet, men som manglar det dei treng.
Har du treningsklede eller utstyr liggjande heime som ikkje lenger er i bruk? Lever det til ei av innsamlingsboksane, eller direkte Sogndal frivilligsentral.