VI SER ETTER EIN VAKTMEISTER

Sogndal Turnforening ser etter ein eller fleire personar som kan hjelpe oss med små praktiske oppgåver i turnhallen på Vesterland.

Det kan vere enkle ting som å fikse, skru, montere eller ordne småting som dukkar opp i hallen. Oppgåvene kan i stor grad gjerast når det passar, til dømes medan barnet ditt er på trening.

Du treng ikkje vere faglært eller kunne alt. Vi ser først og fremst etter nokon som er litt praktisk anlagt og som har lyst til å bidra til at hallen vår fungerer best mogleg.

Har du lyst til å hjelpe til? Ta gjerne kontakt med oss!

Forrige
Forrige

Vi har fått oss logo!

Neste
Neste

Alle barn og unge skal få moglegheit til å delta!