Nye dommere i klubben
Sogndal Turnforening har no fått heile sju nye dommarar i TeamGym!
Dommarutdanninga i TeamGym er både omfattande og krevjande. Ho stiller høge krav til både fagleg kunnskap, presisjon og vurderingsevne. Difor er vi ekstra stolte over at alle sju bestod eksamen – og det med glans!
Allereie har fire av dei vore i aksjon og dømt sin aller første konkurranse, der dei representerte Sogndal Turnforening på ein flott måte. Å stille som dommar krev både mot og tryggleik i rolla, og vi er imponerte over innsatsen dei har lagt ned.
Med fleire utdanna dommarar styrkjer vi både miljøet vårt og kvaliteten på arbeidet vi gjer i klubben. Dette er viktig for vidare utvikling innan TeamGym, både lokalt og regionalt.
Vi gratulerer så mykje til alle sju – de er ei stor styrking for klubben!