SpareBank 1 Sogn og Fjordane inn som sponsor
Vi er svært glade for å kunne dele at SpareBank 1 Sogn og Fjordane har gått inn som sponsor for Sogndal Turnforening.
Støtta frå SpareBank 1 Sogn og Fjordane betyr mykje for oss. Dette gir oss moglegheit til å vidareutvikle tilbodet vårt, skape aktivitet for alle i Sogn og leggje til rette for eit trygt og inkluderande miljø i hallen. Slike samarbeid er avgjerande for at vi kan halde fram med å vekse og gi eit godt tilbod til medlemmene våre.
Vi ser fram til eit godt samarbeid, og vi set stor pris på at SpareBank 1 Sogn og Fjordane ønskjer å vere med på laget vårt.
Tusen takk for tilliten – vi gler oss til vegen vidare saman!