Oppstart
Måndag 7. september er det endeleg klart for oppstart av haustsesongen i Sogndal Turnforening!
Vi ønskjer både nye og kjende fjes hjarteleg velkomne til ei ny sesong fylt med meistring, leik, læring og turnglede. Vi gler oss til å møte både nye medlemmar og alle som kjem tilbake til oss.
For at treningane skal bli trygge og kjekke for alle, ber vi om at desse reglane blir følgde:
Bruk inngangen som vender mot Kaupanger – ikkje hovudinngangen.
Set skoa langs veggen og heng opp jakka di.
Ingen tyggis under trening.
Langt hår skal vere sett opp med strikk.
Smykke, klokker og anna tilbehøyr må takast av før trening.
Turn skjer barføtt eller med antisklisokkar.
Det er ikkje lov å bruke apparata utan løyve frå trenar.
Møt opp i treningstøy. Unngå store genserar, spesielt med hette.
Ha det gøy og vis omsyn til kvarandre!
For at alle skal få ei trygg og kjekk trening, er det viktig at alle følgjer beskjedane frå trenarane. Alle skal også møte presis, vere ein god lagkamerat og bidra til eit trygt og inkluderande treningsmiljø der alle kan oppleve meistring og idrettsglede.
Takk for at de hjelper oss med å skape ei trygg, ryddig og triveleg treningsarena for alle! 💙
Vi ønskjer alle ei flott oppstart og ser fram til ein ny sesong saman i Sogndal Turnforening!