Sogndal turnforeining søkjer nye trenarar

Har du lyst til å vere med og skape idrettsglede, meistring og fellesskap? Sogndal Turnforening søkjer nye trenarar til komande sesong. Vi ser etter engasjerte personar som likar å jobbe med barn og ungdom – erfaring som trenar er ein fordel, men ikkje eit krav.

Som trenar blir du ein viktig del av klubben, og du får moglegheit til å utvikle deg gjennom erfaring, kurs og eit godt trenarmiljø.

Ta kontakt med oss dersom du ønskjer å vite meir eller er interessert i å bli ein del av laget vårt.

Forrige
Forrige

Vi inviterer til uttak for teamgym

Neste
Neste

SpareBank 1 Sogn og Fjordane inn som sponsor