Vi har fått oss logo!
Vi har vore så heldige å få hjelp av Rikke Westvig frå Vidde Design, som har utforma den nye logoen vår. Logoen er laga med inspirasjon frå vinnarforslaga i logokonkurransen vi arrangerte tidlegare.
Vinnarane av logokonkurransen er Mari Frøyen Rygg og Nora Ones – gratulerer så mykje! De blir kontakta av oss og får kvar dykkar T-skjorte som premie.
Nedanfor kan de sjå vinnarforslaga frå Mari og Nora, saman med den endelege logoen til Sogndal Turnforening.
Resultatet har blitt ein logo som vi håpar skal vere lett å kjenne att, og som representerer Sogndal Turnforening på ein god måte når vi no byggjer vidare på identiteten til den nye klubben vår.
Ein stor takk til Rikke og Vidde Design for arbeidet, og til alle som sende inn kreative bidrag i logokonkurransen vår!