54 000 kroner i gavebrev til turnhallen
Arbeidet med turnhallprosjektet held fram, og engasjementet rundt prosjektet er stort. Så langt har vi fått inn 54 000 kroner i gavebrev, noko vi er svært takksame for. Dette gir både motivasjon og tru på prosjektet.
Sjølv om vi har kome eit stykke på veg, er det framleis behov for fleire bidrag for å kunna realisera turnhallen. Arbeidet med finansiering og vidare planlegging held fram, og mange engasjerte bidreg i prosessen.
Vi set stor pris på all støtte og interesse som blir vist, og gler oss til å dela fleire oppdateringar etter kvart som prosjektet utviklar seg.