Kvifor ein turnhall betyr alt for dei yngste
Skrive av Marielle (16), trenar og gymnast
No er det på tide at Sogn får ein ordentleg turnhall – ein stad der vi kan utvikla oss på eit heilt nytt og betre nivå. For mange på min alder er det allereie for seint å nå dei høgaste konkurransenivåa. Men med ein turnhall kan vi gi eit mykje betre tilbod til barna som veks opp i Sogn, og leggja til rette for utvikling frå dei er heilt små – medan moglegheitene framleis er der.
Folk må hugsa at fire år i eit vaksent liv er ingenting. Det spelar inga rolle om du er 45 eller 49. Men for eit barn i utvikling betyr fire år enormt mykje. I alderen 10–14 år kan ein byggja grunnleggande styrke og kjernemuskulatur som gir fantastiske moglegheiter seinare i livet. Jo tidlegare ein startar, jo betre føresetnader får ein.
Vi har venta i mange år på ein turnhall. Då eg byrja i 4. klasse, var det allereie snakk om dette. No, sju år seinare, kan det faktisk bli ein realitet innan eitt år. Det finst ingen stad eg – og resten av turngjengen – synest det er kjekkare å vera enn i ein turnhall med skikkeleg utstyr. Berre på ei helg kan vi ha ei enorm utvikling. Eg tenkjer ofte på kor gode vi kunne blitt om vi hadde hatt dette her heime.
I dag har vi mange barn med stort potensial. Får dei ein turnhall no, vil det opna for heilt nye moglegheiter. Turn blir òg mykje tryggare i ein hall, med mjukare landingsplassar og betre moglegheiter for trenarane til å sikre. Det skapar ein trygg stad å vera – og ein trygg stad å læra.
Med ein eigen hall kan vi i tillegg korta ned ventelistene og gi fleire barn moglegheit til å byrja på turn. Ventelister på 70 barn er altfor lange. Ingen skal måtte kjenna på utestenging fordi alle venene deira går på turn, medan dei sjølve står utanfor. Dette må vi gjera noko med.