Politisk forankra turnhallprosjekt
På kommunestyremøtet 5. februar vedtok kommunestyret i Sogndal kommune å løyve 3 millionar kroner til Sogndal Turnforening for realisering av ny turnhall på Vesterland Feriepark.
Vedtaket betyr at turnhallprosjektet no er politisk forankra, og det gir eit svært viktig og tydeleg signal om at kommunen ønskjer å satse på idrett, aktivitet og barn og unge i lokalsamfunnet.
Løyvinga er eit stort steg nærare realisering av ein moderne og tilrettelagd turnhall. Hallen vil gi betre og tryggare treningsforhold for både barn, ungdom og vaksne, og skape ein viktig møteplass for aktivitet, meistring og fellesskap.
Vi er svært takksame for vedtaket og støtta frå kommunen. No held arbeidet fram med full styrke – og vi gler oss til vegen vidare mot ein eigen turnhall i Sogn.
Saman skaper vi framtida for turnfamilien i Sogn!