Luster inn i turnhallprosjektet for heile Sogn?
Sogndal Turnforening har nyleg vore i møte med Luster kommune om moglegheita for å etablere turnhallen som eit interkommunalt anlegg. Saka skal opp til politisk handsaming i kommunestyremøtet i Luster 19. mars.
Målet vårt er å byggje eit anlegg for heile Sogn. Allereie i dag har vi mange medlemer frå Luster som turnar hos oss i Sogndal. Det viser at behovet og interessa for eit moderne turnanlegg går på tvers av kommunegrensene.
Eit interkommunalt samarbeid vil vere svært positivt – både økonomisk og samarbeidsmessig. Det vil gi prosjektet ei breiare regional forankring og eit meir solid grunnlag for realisering. Samstundes vil det sikre at barn og unge frå fleire kommunar får tilgang til eit framtidsretta og godt tilrettelagt anlegg.
Vi opplever ein god og framoverretta dialog med Luster kommune, og vi ser fram til den vidare politiske handsaminga.
Turnhallen skal vere eit løft for heile regionen – saman byggjer vi eit anlegg for heile Sogn!