Vi veks – og interessa for turn er stor!

Det er svært kjekt å sjå at Sogndal Turnforening held fram med å vekse. I år har vi auka medlemstalet frå 370 til 420 medlemmar, samtidig som vi framleis har over 100 på venteliste.

Den store interessa viser oss at turn er eit aktivitetstilbod mange ønskjer å vere ein del av. Turn gir eit godt grunnlag for vidare aktivitet gjennom livet, med fokus på mellom anna styrke, koordinasjon, balanse, rørslegheit og kroppsbehersking. Vi synest det er veldig positivt å sjå at så mange barn, unge og vaksne ønskjer å drive med turn.

Veksten hadde ikkje vore mogleg utan trenarane våre. Vi har no eit trenarteam på rundt 60 trenarar, og det er deira innsats som gjer det mogleg for oss å gi stadig fleire ein plass i hallen. Vi er stolte av den store og engasjerte trenargjengen vår og jobben dei legg ned kvar einaste veke.

Samtidig viser medlemstalet og den lange ventelista tydeleg kvifor vi har behov for ein eigen turnhall med større kapasitet. Ein ny turnhall vil gi oss heilt andre moglegheiter til å utvikle tilbodet og på sikt gi plass til fleire av dei som ønskjer å turne.

Men ein større hall åleine er ikkje nok. Skal vi klare å få ned ventelistene, treng vi også fleire trenarar. Difor håpar vi at endå fleire har lyst til å bli med på laget og bidra til at fleire får oppleve meistring, tryggleik og fellesskap gjennom turn.

Har du lyst til å bidra? Du treng ikkje å ha lang erfaring med turn. Vi har bruk for trenarar på ulike nivå og med ulik erfaring. Dersom du har lyst til å bidra, uansett nivå, ikkje nøl med å ta kontakt med oss! Saman kan vi gi endå fleire moglegheita til å oppleve meistring, tryggleik og fellesskap gjennom turn

Neste
Neste

Ny oppdatering om turnhallprosessen