Ny oppdatering om turnhallprosessen
No nærmar det seg oppstart av ein ny turnsesong, og vi kan endeleg kome med ei ny oppdatering om kvar vi står i prosessen med den nye turnhallen på Vesterland.
Planen framover er no lagt opp slik at vi kan gjennomføre bygginga samtidig som vi tek vare på mest mogleg av treningstilbodet til gymnastane våre.
1. september 2026 tek Sogndal Turnforening, etter planen, over hallen på Vesterland. Deretter held treningane fram som normalt gjennom hausten og fram til desember.
I desember startar første del av byggearbeidet. Då skal vi mellom anna grave ut groper og gjere klart for trampolinar og anna fast utstyr i hallen. Etter denne byggeperioden er planen å starte opp treningane igjen i februar, og vårsesongen vil gå fram til mai.
Når sesongen er ferdig i mai, startar neste og siste del av byggeprosessen. Gjennom sommaren skal hallen byggjast vidare og ferdigstillast, med mål om offisiell opning av ein komplett turnhall i august 2027!
Ved å dele byggeprosessen opp på denne måten kan vi redusere kor mykje treningstid gymnastane mistar medan arbeidet går føre seg. Det betyr at vi kan halde fram med det vi likar aller best, å turne, så mykje som mogleg, samtidig som den nye hallen steg for steg tek form.