En gladnyhet!
Vi har ei svært gledeleg nyheit å dele: Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane har i dag vedteke å gi ei gåve på heile 6 millionar kroner til turnhallprosjektet vårt – under føresetnad av at spelemiddelsøknaden blir godkjent.
Dette er ei viktig stadfesting på at prosjektet vårt blir sett på som både nødvendig og verdifullt for regionen. Ei slik støtte gir oss ikkje berre eit stort økonomisk løft, men også ei tydeleg legitimering av arbeidet vi legg ned for å skape eit betre aktivitetstilbod for born og unge.
Samtidig er vi ikkje heilt i mål enno. Vi har framleis ein jobb å gjere for å sikre full finansiering og realisering av turnhallen. Likevel gir denne tildelinga oss ny motivasjon og tru på at vi skal lukkast.
Vi vil rette ei stor takk til Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane for tilliten og støtta – dette betyr mykje for både klubben og lokalsamfunnet.