No tek turnhallen form – Veidekke med på laget

Vi er utruleg glade for å kunne dele at vi har inngått ein intensjonsavtale med Veidekke som totalentreprenør for turnhallprosjektet vårt.

Heilt sidan oppstarten har prosjektet vore drive fram av ei engasjert dugnadsgruppe med foreldre og støttespelarar som har lagt ned eit stort og viktig arbeid. Gjennom utallege timar med planlegging, møte og utviklingsarbeid har vi steg for steg forma prosjektet slik det står i dag.

Dette sterke dugnadsengasjementet har vore avgjerande for framdrifta – og har òg bidrege til å skape gode relasjonar og samarbeid med næringslivet.

Prosjektet har no nådd ein fase der det er naturleg å knytte seg til ein totalentreprenør for å sikre god framdrift og høg kvalitet i gjennomføringa. Veidekke bidrar med erfaring og fagkunnskap i eit prosjekt som både er omfattande og framtidsretta. Veidekke har allereie opparbeidd seg god kjennskap til planane og vore ein aktiv bidragsytar i utviklinga så langt. Denne profesjonaliseringa er difor eit viktig og naturleg steg vidare i realiseringa av turnhallen.

No går Veidekke òg inn og sponsar oppstarten av prosjektet før byggestart, noko som betyr mykje i denne fasen.

Vi har også inngått avtalar med fleire underentreprenørar som ønskjer å vere med og bidra i prosjektet. Det er inspirerande å oppleve at stadig fleire ser verdien av turnhallen og ønskjer å vere ein del av realiseringa.

Samtidig ønskjer vi å vere tydelege på at prosjektet framleis er ope for nye samarbeidspartnarar. Engasjementet rundt turnhallen betyr mykje for oss, og vi set stor pris på alle som tek kontakt for å høyre korleis dei kan bidra.

Dersom du eller di bedrift ønskjer å vere med på dette løftet for regionen, er de hjarteleg velkomne til å ta kontakt med oss for ein prat om moglegheiter vidare.

Saman skaper vi noko som vil ha verdi for heile regionen – no og i framtida.

Next
Next

En gladnyhet!