Kvifor jobbar vi for turnhall?
Prosessen med å bygge ein eigen turnhall vart sett i gang då vi fekk beskjed om at dette er siste sesongen vår på Vesterland. Det betyr at vi står i fare for å miste treningsarenaen vår.
Vi har fått informasjon om at dersom det ikkje blir turnhall på Vesterland, vil området bli utvikla vidare, mellom anna med utbygging av bowlinghall. Då vil det ikkje vere mogleg for oss å halde fram med å leige hallen slik vi gjer i dag.
For oss er dette ei stor utfordring. Vi har over 350 medlemmar og mykje utstyr som krev både plass og tilrettelegging. Turn er ein idrett som er avhengig av faste installasjonar og trygge rammer, og det er difor svært vanskeleg å finne gode alternative treningslokale.
Difor jobbar vi no målretta for å sikre eit framtidig tilbod for alle turnarane våre. Ein ny turnhall vil ikkje berre løyse utfordringane vi står i no, han vil også gi eit betre og meir stabilt tilbod for barn og unge i heile regionen.
Vi håpar så mange som mogleg vil vere med å støtte oss vidare 💙