Fleire sponsorar med på laget i turnhallprosjektet

Turnhallprosjektet vårt opplever stor og gledeleg støtte frå både lokalt og regionalt næringsliv. Den siste tida har fleire nye sponsorar valt å engasjera seg i prosjektet, noko som er avgjerande for at me skal kunna realisera draumen om ei turnhall for barn og unge i regionen.

Me er stolte over å ønskja Slinde Transport, EcoSogn AS, Mobit Norge AS, Damfjell, Eilert & Edvin Holme AS, Sogn Vegteneste og Hofslundsengen Trafikkskule velkomne som nye sponsorar i turnhallprosjektet. Desse aktørane bidreg på ulike måtar til å styrkja prosjektet og viser eit sterkt engasjement for idrett, aktivitet og lokalsamfunn.

I tillegg har Rema 1000 inngått avtale om kiosknamn i den nye turnhallen. Gjennom dette samarbeidet er Rema 1000 med på å sikra eit godt, variert og sunt utval i kiosken, til glede for både utøvarar, foreldre og publikum, og bidreg samstundes til eit positivt og helsefremjande miljø i turnhallen.

Støtta frå sponsorane er heilt avgjerande for å kunna byggja ei turnhall som oppfyller nasjonale krav til turnanlegg, og som gir trygge og gode treningsforhold. Turnhallen skal bli ein arena for meistring, utvikling og idrettsglede, samstundes som han òg skal vera ein møteplass for lokalsamfunnet og kunne nyttast til annan aktivitet.

Me er svært takksame for tilliten og samarbeidet, og set stor pris på at næringslivet ser verdien av å investera i barn, unge og framtidig folkehelse. Saman er me eitt steg nærare målet om å realisera turnhallprosjektet.

Previous
Previous

Søknad om spelemidlar – arbeidet med finansiering held fram

Next
Next

Kvifor ein turnhall betyr alt for dei yngste