Søknad om spelemidlar – arbeidet med finansiering held fram

Sogndal Turnforening har no sendt inn søknad om spelemidlar til turnhallprosjektet. Dette markerer ein viktig milepæl i prosessen med å realisera ei turnhall i Sogn.

Sjølv om dette er eit stort steg vidare, er ikkje turnhallen fullfinansiert enno. Me held derfor fram det aktive arbeidet med å skaffa fleire sponsorar som ønskjer å bli med på prosjektet, i tillegg til fleire gåvebidrag. All støtte, både frå næringsliv og privatpersonar, er avgjerande for at prosjektet skal kunna gjennomførast. Alle bidrag er ein viktig del av finansieringa.

Me set stor pris på engasjementet som allereie er vist, og oppmodar alle som ønskjer å bidra til å ta kontakt og bli med på laget.

Previous
Previous

Gratulerer til Jannicke Orrestad!

Next
Next

Fleire sponsorar med på laget i turnhallprosjektet