Gratulerer til Jannicke Orrestad!
Vi er svært stolte av å kunne dele at vår nestleiar, Jannicke Orrestad, tidlegare i desember blei kåra til Årets eldsjel av kretsen, og tildelt 10 000 kroner for den imponerande innsatsen ho har lagt ned for turnen.
Prisen er gitt for Jannicke sitt sterke engasjement innan frivilligheit og dugnadsarbeid, og for det viktige bidraget ho har gitt til klubben over tid. Ho har vore – og er framleis – ei sentral drivkraft i arbeidet med å utvikle turntilbodet vårt, og legg ned eit imponerande tal timar for fellesskapet.
Vi er ekstra glade for at Jannicke er med oss vidare i turnforeininga, og ser fram til å ha henne med på laget også i tida som kjem. Engasjementet, kunnskapen og viljen hennar betyr enormt mykje for både utøvarar, trenarar og styret.
Vi set svært stor pris på alt arbeidet ho har lagt ned – og legg ned – for oss.
Gratulerer så mykje med ein velfortent pris, Jannicke!