Oppdatering om turnhallprosjektet

Vi jobbar vidare med å realisere turnhallen for heile regionen, og det skjer mykje positivt om dagen. Mellom anna har Sogndal kommune tidlegare løyvd 3 millionar kroner til prosjektet, noko som er eit viktig bidrag på vegen vidare.

Samtidig vil vi vere opne om status, i denne runden fekk vi ikkje støtte frå Luster kommune. Det betyr at dei førebels ikkje er med i finansieringa av prosjektet no.

Vi har likevel stor tru på prosjektet, og håpar at Luster vil vere med på laget i neste runde. Dette er eit anlegg for heile Sogn, og vi veit at mange frå Luster allereie er aktive hos oss.

No held vi fram arbeidet – og kryssar fingrane for vidare støtte framover 🤞

Tusen takk til alle som heiar på oss og bidreg – både små og store bidrag betyr mykje!

Previous
Previous

Kvifor jobbar vi for turnhall?

Next
Next

Sparebank 1 Sogn og Fjordane + STF = <3