Sparebank 1 Sogn og Fjordane + STF = <3
Vi er svært glade for å kunne dele at SpareBank 1 Sogn og Fjordane har gått inn som sponsor for Sogndal Turnforening.
Støtta frå SpareBank 1 Sogn og Fjordane betyr mykje for den daglege drifta av turnforeninga og for aktiviteten vi skaper for alle i Sogn. Sjølv om avtalen ikkje er direkte knytt til sjølve bygginga av turnhallen, bidreg ho indirekte til å styrkje prosjektet. Ein solid og berekraftig klubb i drift er heilt avgjerande når vi arbeider for å realisere ny turnhall.
Saman med SpareBank 1 Sogn og Fjordane kan vi bidra til å utvikle berekraftige lokalsamfunn, med innbyggjarar som opplever god helse, meistring og livskvalitet.
Støtta gir oss òg høve til å satse vidare på utdanning av trenarar og systematisk kompetanseheving i klubben. Dyktige og trygge trenarar er ein føresetnad for kvalitet, utvikling og gode opplevingar for alle som deltek i aktiviteten vår.
Vi set stor pris på tilliten og støtta frå SpareBank 1 Sogn og Fjordane – og vi gler oss til samarbeidet vidare!
Saman skaper vi aktivitet, meistring og idrettsglede.