Prosjektbeskriving og planteikning
No er både prosjektbeskrivinga og dei første planteikningane for turnhallen på Vesterland klare.
Det har vore mange månader med møte, planlegging, teikningar, budsjettering og arbeid i kulissane, og det er kjekt å endeleg kunne vise litt meir av korleis hallen er tenkt å bli.
Planteikningane viser mellom anna turnflate med fasttrack, skumgrop, trampoliner, frie aktivitetsområde, aktivitetssal, garderobar og sosiale soner. Målet er å få på plass ein hall som gir betre treningsforhold, meir aktivitet og plass til endå fleire turnarar i regionen.
Prosjektbeskrivinga gir også eit innblikk i bakgrunnen for prosjektet, planane vidare og korleis hallen er tenkt brukt både til trening, arrangement og aktivitet for ulike aldersgrupper.
Tusen takk til alle som har bidrege og støtta prosjektet så langt. Kvar einaste støtte og heiing betyr mykje for oss.
Her kan du lese prosjektbeskrivinga og sjå planteikningane.